Krydderkonsert med Ole Nilssen

Torsdag 5. oktober kl. 20 i Tingbygningen på Hunn, Gjøvik

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Plata er eit portrett av Ole som tradisjonsberar, og innheld alt frå vare lydarslåttar til danseslåttar etter fanden sjølv. Ole er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. Han gler seg til å spele konsert på Gjøvik!

Inngang kr. 200,-. For medlemmer kr. 150,-.

OleNilsen