Krydderkonsert: Majorstuen

[status_oops]Torsdag 15. mars kl. 19.30 er det krydderkonsert med Majorstuen i Tingbygningen på Hunn!

Inngang kr. 250/150[/status_oops]

 

Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler nevnast i ei og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemte dei seg for å bruke heile spennet frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk som utgangspunkt.

I SKRIBLE brukar Majorstuen sitt folkemusikalske fundament, sin fantasi og sin kreativitet til å kommentere, kontrastere og abstrahere dei mange aspekta ved litteraturen. Gjennom 17 år med musikalsk samarbeid har dei skapt sitt eige uttrykk, og med folkemusikken sin estetikk i botn reiser dei i mange ulike musikalske landskap. Det heile bindast likevel saman av ensemblet si forfriskende og overraskande sceniske formidling.

Majorstuen har spelt nærare 300 konsertar i 20 land, og har gjennom sitt utforskande og leikande sceniske uttrykk satt ein ny standard for korleis folkemusikken kan formidlast til et breidt publikum. Dei har gleda sitt publikum på alt frå den minste bygdepub i indre Romsdal til det største kulturhus i Paris, og dei er kjende for sin særeigne sound, sitt gode samspel og speleglede. For debutplata «Majorstuen» fekk dei Spellemannprisen, og seinare har heile seks plateutgjevingar fleire gonger sikra dei nominasjon til både Spellemannprisen og andre prisar.

I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spennende musikalske stoppestader!

Majorstuen er
Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj)
Synnøve S. Bjørset (fele)
Anders Löfberg (fele, cello)
Tove Hagen (fele, cello, bratsj)
Jorun Marie Kvernberg (fele)