Odde & Holmen

Foto: Thor Hauknes

Konsertstart kl. 20:00, billetter kr. 200,-

Odde & Holmen er ein duo med hardingfele og bratsj som blandar tradisjonsmusikk med impulsar frå både kunstmusikk, improvisert musikk og den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven. Duoen representerer eit leikent og virtuost samspel, og skapar ei lytteverd med stort rom for klangelege nyansar, sterke melodiar og melankoli i stadig veksling. Duoen kjem med nytt album hausten 2023, beståande av sjølvkomponerte låttar og improvisasjonar. Her møtest det rå slåttespelet frå hardingfela med dei lange linene frå kunstmusikken og smeltar saman til eit unikt uttrykk.  

Plata kjem fysisk 31. august og digitalt 22. september.

I 2015 vann duoen prisen for årets unge folkemusikarar, og debutalbumet «Sumarmorgon» (2016) vart nominert til Folkelarmpris. 

Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet. Odde har særleg dyrka ulike samspelsprosjekt i grenseland mellom folkemusikk og klassisk og vann Folkelarmpris i open klasse for albumet «Folk Chamber» (2021), kor desse to verda møtest. 

Sivert Holmen har i stor grad dyrka solospelet på hardingfele, med siger i Fanitulltevlinga og topplasseringar på landskappleik, og vart nominert til Folkelarmpris for soloalbum «Jotunheimen» (2021). Våren 2023 leverte han masterarbeidet «I lydarlæte» kor han har fordjupa seg i rekomposisjon og improvisasjon over lydarlæte.