[status_ok]Konsert med Morgonrode mandag 2. mars kl. 19.00 i Tingbygningen på Hunn!
Inngang kr 250,-/150,-[/status_ok]
Med eit rått og ærleg uttrykk eksperimenterer Morgonrode med tradisjonell og improvisert musikk. Bandet har spelt saman sidan 2015 og har vore å høyre på fleire av dei store folkemusikkscenene og -festivalane i Noreg. I 2019 kom Morgonrode ut med si etterlengta debutplate på plateselskapet Ta:lik Records. Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner frå springarar og gangarar til salmer, viser og bånsullar.
Eit fritt og oppriktig uttrykk viser Morgonrode sin kreative måte å lage folkemusikk på, der målet er at musikken veks og utfoldar seg fritt i nye himmelretningar. Alle triksa i boka i bruk, når strykekvartettar, tradisjonelle slåttespel, vare folketonar og klangbaserte improvisasjonar smeltar saman til ein overjordisk lyd som berre kan kallast Morgonrodersk. Det er musikk du har gått og venta på utan å eigentlig vite det, og når du fyrst høyrer Morgonrode så fell bitane på plass. Med ein fot i fortida og den andre i framtida dannast ei inspirerande og spektalulær oppleving av notida.
Selma French Bolstad – nøkkelharpe, hardingfele og vokal
Helga Myhr – hardingfele og vokal
Rasmus Kjorstad – oktavfele og vokal
Fredrik Luhr Dietrichsson – kontrabass
Andreas Winther – trommer og perkusjon