Krydderkonsert med Fivil

Fivli bilde 2018

Fivil kjem til Gjøvik og har konsert i Tingbygningen på Hunn torsdag 20.september. kl. 19.30.

Fivil er Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Vokalduoen tek utgangspunkt i sine respektive folkesongtradisjonar og sine to ulike stemmer, og skapar eit uttrykk ilag der dei vev melodilinjer og historiar i kvarandre, trallar tostemt og tek publikum med frå dansegolv til vogge. Fivil ga ut sitt debutalbum i 2015, og har dei siste to åra gjort over 200 konsertar for Rikskonserten. I 2018 kjem dei med eit nytt prosjekt, der Aa. O. Vinje sine tekstar står i sentrum.

«De lager perler av gamle travere, og snurrer velkjente strofer rundt stemmebåndene til musikken blir svimmel.»
Kjetil Asdal Bjørgan, Klassekampen

«Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdts stemmer griper fatt i oss som lyttere, og låser oss fast til stolen.»
Jan Granlie, Salt Peanuts*

Fivil feirar Aa. O. Vinje
I 2018 feirar diktaren Aasmund Olavsson Vinje 200 år. I samband med jubileet har vokalduoen Fivil vald ut sine favorittar blant dei vakre, varme og skarpsindige tekstane til Vinje og arrangert dei med gamle og nye melodiar i særprega Fivil-stil. Konserten er ei tinging frå Vinje i Telemark, som har invitert Fivil til å delta på feiring og konsert i heimkommunen til den folkekjære lyrikaren. Etter jubileumskonserten legg vi ut på turné, og vi kjem gjerne til Slåttefestivalen! Konserten tek ei reise gjennom siste del av livet til vandraren Aasmund, då han etter mange omflakkande år, finn sin store kjærleik og opplever ei kort og intens lukke. I konserten har Aasmund og Rosa fått sin eigen, nykomponerte bruremarsj, og tonesettingar av dei meir kjende dikta som «Tyteberet» og «Den dag kjem aldri» er sjølvsagt med.