Kvedarkvintetten

Konsert 10. desember i Tingbygningen på Hunn.

Kvedarkvintetten er ute med si andre plate! Dei vil denne gongen dele med seg av det vokale julematerialet som er nedskrive i Hallingdal. Der finst mykje ubrukt stoff liggjande som fortener å kome fram i lyset og Kvedarkvintetten ynskjer å gje nytt liv til desse julesongane.

Kvedarkvintetten er ei vokalgruppe som syng folkesongar frå Hallingdal a capella i fleirstemte arrangement og består av fem songarar frå Torpo i Hallingdal. Gruppa har opptredd på ei rekkje scener og festivalar i inn- og utland og fyrste plata kom i februar i fjor. I 2017 har dei 10-årsjubileum som kvintett, noko som markerast med juleplate og konsertar rundt om i landet.

Silje Risdal Liahagen -vokal
Tonje Risdal Liahagen -vokal
Helga Myhr -vokal, hardingfele
Sina Myhr –vokal, langeleik
Margit Myhr –vokal, lyre, langeleik

Billetter kr 200,-/100,- medlemmer Gsl/ 50,- for studenter.