Odde & Holmen

Krydderkonsert torsdag 27. oktober kl. 20.00 i Tingbygningen på Hunn!

Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen tar utgangspunkt i den tradisjonelle folkemusikken frå Valdres og Gudbrandsdalen. Musikken dei brukar er solomusikk spelt på fele eller hardingfele, og mykje av repertoaret har aldri tidlegare blitt brukt i samspel. Dei utforskar kva mulegheiter som ligg i den rike slåttetradisjonen, og gir musikken nye fargar gjennom melodiøse og sofistikerte arrangement. Odde & Holmen har gjort noko nytt. Ved å ta i bruk hardingfele og fele saman, har dei skapt nye klangar og eit eige musikalsk uttrykk.

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) og Sivert Andreas Holmen (f. 1992) har kjent kvarandre sidan tenåra og byrja å spela saman då dei begge studerte på Norges Musikkhøgskole. Dei har kvar for seg utmerka seg som sterke solistar i folkemusikkmiljøet, både på kappleikar og på konsertscener.
Sivert kjem frå Valdres og spelar hardingfele, men òg vanleg fele, og har ved fleire høve vore solist med koret Ad Cantus. I 2016 vann han Fureprisen. Bjørn Kåre spelar tradisjonsmusikk frå Lom, og det gjer han også svært godt. I 2011 vann han Fureprisen, i 2013 Toneprisen. Til dagleg livnærer han seg som solist og musikar, til dømes i grupper som Majorstuen og Lendmenn. Han har vore spelemannen i musikalen «Spelemann på taket» på Det Norske Teatret.