25. apr. Blått Gådn

Kven er Blått Gådn?

INGVILD LIE  langeleik, song

LARS SKATTEBU  indisk harmonium, mandolin, song

HARALD HØYVIK  gitar, song

Ingvild Lie, Lars Skattebu og Harald Høyvik utgjer trioen Blått Gådn.  Dei har spelt saman i vel eit år og på repertoaret står ein god blanding av tradisjonelle melodiar frå Valdres og eige materiale. Trioen står sjølve for alle arrangement, i tillegg til at ein del av repertoaret er nyskrivne tekstar og musikk.

Med røter planta i folkemusikken frå Valdres, har Blått Gådn funne sitt eige musikalske uttrykk. Lyden av fleirstemmig song, langeleik, gitar, mandolin og indisk harmonium gjev gruppa eit særpreg som er lett å kjenne att i dei tradisjonelle så vel som dei nyskrivne melodiane.