Krydderkonsert Tingbygningen på Hunn 9. mars kl. 19.00.
Trioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for seg. Besetninga med hardingfele, torader og akkordeon er uvanleg og sjelden å høyre.
Med toraderen som det melodiførande instrumentet, akkordeonet med
akkordmoglegheitane og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa gjer at uttrykket blir spennande og spesielt. Repertoaret dei spelar er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen. I januar 2020 gav dei ut si fyrste plate, Husklugumt, som vann stor merksemd på Folkelarm.
Billetter kr. 200/300 – medlem/ikke medlem, skoleelever og studenter gratis.
KRYDDERKAKE og kaffe på billetten
Arrangør: Gjøvik spelmannslag og Tradisjonsmusikkarkivet Mjøsmuseet. Støttet av Norsk kulturråd.