Morken | Nyrønning

Krydderkonsert med Morken/Nyrønning torsdag 21. november kl. 19 i Tingbygningen på Hunn!

Duoen Morken/Nyrønning har spelt saman i mange år. John Ole Morken og Jørgen Nyrønning er begge frå Ålen i Rørosdistriktet, og dei er oppvaksen med ein levande feletradisjon. Dei begynte å spele samen da Jørgen var John Oles elev, sidan har dei utvikla dei eit nært og sterkt samspel. Det første møtet kan beskrivast slik:

Høsten 2001 kom ein lyshåra gut inn på speletime til John Ole Morken på Hov Skole i Ålen. Morken hadde helsa på guten før og hørt han spele. Guten, Jørgen Nyrønning, tok opp fela, og han spela ein slått. Polsen som trilla ut av fela var Litjbrekkingen, som guten fortalte var i form etter Jens Vårhus i frå Hessdalen. Morken fant fela og heiv seg med. Det vart mange polsar den kvelden!

Sidan har dei spelt mykje saman, både konsertar, dansespeling, cd-innspillingar og kappleikar. Samspelet deira kan beskrivast som impulsivt og direkte. Dansespel og driv er noko dei legg vekt på. Rørosmusikken kan beskrivast som ein rytmisk musikk. Melankolien er kanskje ikkje det som man først høyrer, men bak tonane ligg ein klangbotnen som fortel om dåmen frå fjellfolket. Forfattaren Johan Falkberget skrev følgjande i «Den fjerde nattevakt»: Tonen sprang han til hjertet. Han var spillemann og smed; stålet og jernet og felen, og Hyttelven om våren, alt hadde den samme sangen.

John Ole Morken
Kjem frå Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag, men er nå busett på Revetal i Tønsberg kommune. Har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim, og Ole Bull Akademiet på Voss. Arbeidar som programleiar i Folkemusikktimen på P2 i NRK og underviser ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg driv han aktivt som freelance folkemusikar. John Ole har spesialisert seg på folkemusikk frå Rørostraktane. Han ble nominert til spelemannspris for sin fyrste plate i 2007. I 2012 medverka han
i operaen «Den fjerde nattevakt» ved Den Norske Opera og Ballett. John Ole er ein mykje brukt pedagog ved Ole Bull Akademiet på Voss, og er ein mykje bruka pedagog ved kurs og seminar i folkemusikkmiljøet. Han har i mange år spelt saman med kvedaren og hardingfelespelaren Lajla Renate Buer Storli. Saman har dei turnert i inn og utland med eigne produksjonar og i regi av Rikskonsertane. Morken har også siste åra skrive ei mengd med historiske artiklar.

Jørgen Nyrønning
Kjem frå også Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag, og er spelemann og bonde. Han arbeider også ved Kulturminnefondet. Han har teke utdanning ved Høgskulen i Telemark og Ole Bull Akademiet. Jørgen var tidlig ute som kappleikspellmann og har hatt mange gode plasseringer. På Landskappleiken i Seljord i 2011, spilte Jørgen seg opp i A-klassen, og i 2012 debuterte han med 5.plass. Gjennom årene har Jørgen fått flere utmerkelser. Han har mottatt Drømmestipendet, Holtålen kommunes kulturstipend, arbeidsstipend fra Bygdapreg i Ålen, stipend fra sparebank 1
Midt-Norge, arbeidsstipend fra Ålbygglaget i Oslo og Fureprisen. Jørgen ga ut si fyrste soloplate i 2013. Han har også turnert verda rundt då han var med i bandet Wardruna.

Krydderkonsert: Langeleikbonanza med Marit Steinsrud

Torsdag 3. oktober, kl 19 i Tingbygningen på Hunn.
Konserten er utsatt. Følg med for dato og tid!

Vi fortsetter feiringen av langeleiken! Fra skattkammeret til Mjøsmuseet har vi gravd frem mange av dem: Lauritz Weidemanns egen langeleik, «Kjelken», har hele 11 strenger. Byggegruppa har laget en kopi med skikkelig feit lyd. Marit spiller både på den og på langeleiken fra Blikset, Østre Toten.

Og som om ikke det var nok: Vi viser frem langeleiken funnet på Øvre Flatlien på Raufoss, velvillig utlånt av familien Nørjordet OG en styggammal langeleik nylig gitt til Mjøsmuseet fra Østre Toten.

Krydderkake, kaffe/te får du på billetten som koster kr 200/150,-